Now hiring

Avdelingsleiar for yrkessjåfør og transport- og logistikk @ Vestland fylkeskommune

NorgeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du ei sterk interesse for transport- og logistikkfaget og ønskjer å bidra til utviklinga av framtidas yrkesutdanning? Os vidaregåande skule søkjer ein engasjert og erfaren avdelingsleiar for utdanningsprogramma våre innan yrkessjåfør, transport og logistikk. Den som blir tilsett vil også bli ein del av skulen si leiargruppe, der vi saman utviklar skulen for framtida.Som avdelingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for fagleg og administrativ leiing av avdelinga, inkludert personalansvar for 11 tilsette. Du får ei sentral rolle i å utvikle og gjennomføre strategiar som sikrar høg kvalitet i undervisinga, og som møter behova i arbeidslivet og gir elevane våre eit solid fagleg grunnlag. I tett samarbeid med eit kompetent og dedikert team av tilsette, får du moglegheita til å vidareutvikle avdelinga og forme framtidas yrkesutdanning på skulen vår.Os vidaregåande skule har tilbod om både yrkesfag og studiespesialisering innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette, fordelt på to lokasjonar.Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag.I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring.Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores