Now hiring

Matros i 2:4-turnus! @ Fjord1 AS

HundvinOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 søker matros til sommerrute og ressursgruppe i region Vestland.Denne stillinga er todelt og gir deg ein variert arbeidskvardag i Fjord1. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året blir du ein del av vår ressursgruppe i Vestland, der du bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband og fartøy ved behov.Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 98-timars arbeidsavtale.Som ein del av ressursgruppa vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Det er derfor ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad. Dekking av reiseutgifter gjeld berre for perioden ein inngår i ressursgruppa.Dette er ei spennande og variert stilling som gir deg høve til å bli kjent med fleire fartøy, samband og kollegaer på tvers av regionen. Du får brei erfaring, fagleg utvikling og ein fleksibel arbeidskvardag.Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores