About this role
Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnadar? No har du moglegheita! Vi søker etter sjukepleiar på Kirurgisk sengepost 1 ved det splitter nye akuttsykehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landet sitt mest moderne helsebygg. På Kirurgisk/ortopedisk seksjon vil du primært jobbe med ortopedi og urologi, men vi har også ein elektiv femdøgnspost kor du møter eit bredt spekter av kirurgiske diagnosar. Vi søker etter: 2 x 100 % vikarar frå 01.09.26 t.o.m. 30.09.27, med moglegheit for forlenging. Vi oppfordrar også sjukepleiar som ønskjer ein lavare stillingsprosent å søkje. Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hjå oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi langvakter med inntil 12,5 timars arbeidsdag med arbeid kvar 4. helg, samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg! Dersom du ønsker å bli en del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi du vil søkje hos oss! Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV. Arbeidsoppgåver Heilheitleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi Tverrfagleg samarbeid med leger, fysioterapeuter, palliativt team og andre faggrupper Bidra til kvalitetsarbeid og faglig utvikling i avdelinga Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar før oppstart i stillinga Gode kommunikasjonsferdigheiter, både muntleg og skriftleg Det er ønskeleg med erfaring frå kirurgisk avdeling, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som er: Sterkt motivert og løysingsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevne Fleksibel og evne til å jobbe i team og sjølvstendig Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonAnders Nordvik Røstad, Konst. Seksjonsleiar, +47 97165121, [email protected] Cathrine Valgermo Forren, Konst. Seksjonsleiar, +47 95907778, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5161437946 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 30.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal