About this role
Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, engasjerande og variert avdeling?Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg. Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt – her får du jobbe breitt og variert innan både hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin. I løpet av 2027 gler vi oss til å flytte inn i splitter nye lokale. Då skal endo/infeksjon slå seg saman med gastro/nefro, medan hematologisk blir ei eiga avdeling.Hos oss tek vi imot pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar innan indremedisin - særleg blodsjukdomar, diabetes, sår og spesielle infeksjonar som tuberkulose, hjernehinnebetennelse, betennelse på hjerteklaffar og visse tropesjukdommar. Teamarbeid står i hjartet av alt vi gjer, og ulike yrkesgrupper jobbar tett saman for å levere topp kvalitet i pasientbehandlinga. Med to fagsjukepleiarar, tillitsvald, verneombod, fasilitatorar og kollegastøtte har vi eit robust og kunnskapsrikt fagmiljø som stadig sikrar høg kvalitet i vårt arbeid.Avdelinga vår er ein glimrande plass for både fagleg vekst og personleg utvikling, og du vil bli ein del av eit fellesskap som stolt har vunne pris for godt arbeidsmiljø fleire gonger.