Now hiring

Vi søker to nye tekniske inspektørar i Bergen @ Fjord1 AS

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vi har eit sterkt fokus på å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og no søker vi etter nye inspektørar, ein i kvart segment. Som teknisk inspektør vil du i lag med ditt team få ansvar for ei definert portefølje. Dette betyr mellom anna at du vert ansvarleg for fartøy og ladeanlegga sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og fartøya som er i drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. Her treng du ikkje superkrefter men du må ha god teknisk kompetanse. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer. Som teknisk inspektør vil du inngå i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Bergen, då ein kollega går av med pensjon, og ein anna kollega får nye utfordringar internt. Har du brennande interesse og kunnskap om ny teknologi innan hurtigbåt eller ferjedrift? Då er du den vi leitar etter!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores