About this role
Medisinsk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig ei 40% prosjektstilling som forskingssjukepleiar i to år, med moglegheit for forlenging. Det er eit nasjonalt mål å gi fleire pasientar høve til å delta i kliniske studiar og utprøvande behandling. Helse Førde arbeider målretta for å byggje opp ein god infrastruktur for dette, i tråd med nasjonale føringar.Som forskingssjukepleiar blir du ein del av eit team som arbeider med å utvikle og gjennomføre kliniske studiar. Du vil bidra til at Helse Førde kan gjennomføre fleire studiar på ein effektiv, trygg og profesjonell måte.