About this role
Audiograf – 100% fast stilling i LærdalHørselsentralen i Helse Førde søkjer audiograf til fast stilling ved Lærdal sjukehus. Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men anna stillingsprosent kan vurderast.Vil du kombinere ein fagleg spennande jobb med eit aktivt liv mellom fjell og fjord?Her får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende, samstundes som du blir ein del av eit fagmiljø med 7,5 audiografårsverk fordelt mellom Førde, Lærdal og Nordfjordeid.Ved Lærdal sjukehus er det òg avtalespesialist i øyre-nase-halssjukdommar. Kontoret ligg i nyoppussa lokale som skal vidareutviklast til eit avtalespesialistsenter. Dette gir eit tverrfagleg arbeidsmiljø og gode moglegheiter for samarbeid.Vi har faste vekentlege fagmøte for alle audiografane og tett samarbeid med ØNH-legar i Førde. Vi legg til rette for fagleg utvikling, kurs og opplæring.Bu og lev i LærdalLærdal ligg midt i hjartet av Vestland, med kort veg til både Sognefjorden og høgfjellet. Her får du tilgang til eit rikt friluftsliv med fjellturar, sykling, padling, langrenn, alpint og toppturar året rundt. Samtidig er det berre om lag 40 minutt til Sogndal lufthamn, rundt tre timar til Bergen og fire timar til Oslo med bil. Det er kort veg til Hemsedal, Filefjell og andre populære skiområde. Lærdal er eit trygt og oversiktleg lokalsamfunn med kort veg til jobb, barnehage og fritidsaktivitetar.Du kan sjå ein video om avtalespesialistsenteret, sjukehuset og Lærdal her: Avtalespesialistsenter ved Lærdal sjukehus