About this role
DPS Døgn allmenn har ledig 100% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring.Psykiatrisk klinikk består av to DPS-sengepostar og ein poliklinikk med ambulante tenester som gjev allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga har også sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH-plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har om lag 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.DPS Døgn allmenn har 14 døgnplassar, av desse ein brukarstyrt plass. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvunge psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø. Startdato: Etter avtale