Now hiring

Fysioterapeut / spesialfysioterapeut @ Helse Førde

FØRDEOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Barn og unge habilitering har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/ spesialfysioterapeut.📍 Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus📅 Oppstart: 01.09.2026, eller etter avtale.Om stillingaVi søkjer ein engasjert fysioterapeut som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for barn og unge med medfødde eller erverva funksjonsnedsetjingar.Som fysioterapeut hos oss får du ein variert arbeidskvardag med utgreiing, kartlegging, behandling og oppfølging av barn og unge frå 0–18 år. Du samarbeider tett med barn, familiar, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar, og blir ein del av eit sterkt tverrprofesjonelt fagmiljø.Arbeidet omfattar både poliklinisk og ambulant verksemd, rettleiing av kommunale tenester og deltaking i tverrfaglege vurderingar og oppfølging.Ingen dagar er heilt like – hos oss får du kombinere klinisk arbeid, fagutvikling og samarbeid på tvers av profesjonar.Om seksjonenBarn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og livskvalitet.Hos oss blir du del av eit kompetent fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog. Vi legg stor vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg fagutvikling.Vi ønskjer å vere ein framtidsretta seksjon og tek aktivt i bruk nye arbeidsformer og digitale løysingar. Mellom anna er vi med i eit prosjekt som testar bruk av kunstig intelligens (KI) som støtte i journalskriving og dokumentasjon, slik at vi kan bruke meir tid saman med pasientar og familiar. Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar menn til å søkje stillinga.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores