Now hiring

Sjukepleiar @ Helse Førde

LærdalOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag ved eit lokalsjukehus med breitt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter?Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar i kombinert stilling ved medisinsk sengepost og medisinsk poliklinikk. For intern søkjar kan stillinga bli organisert som 100 % ved medisinsk sengepost. Stillinga er i utgangspunktet ikkje planlagd delt.ArbeidstidArbeid i snitt kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter i helg Om medisinsk sengepostSengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp. Om medisinsk poliklinikkPoliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innan fleire indremedisinske fagområde, mellom anna hjarte- og mage-/tarmsjukdomar. Vi har også infusjonspoliklinikk med hovudvekt pkreftbehandling og behandling av mage-/tarmsjukdomar. Kvifor velje Lærdal sjukehus?Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.Kvifor bu i Lærdal?Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune.Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiarane.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores