About this role
Vi søker etter matros på sambandet Edøya - Sandvika, p.t. MF MøringenSom matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. Fergestrekninga Edøya - Sandvika er ei viktig sambandsline på Nordmøre, med stor betydning for lokalsamfunn og næringsliv. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. I denne stillinga jobbar du 1 veke på og 1 veke fri - Søkjer treng ikkje å bu lokalt da ein kan bu ombord.Ønskjeleg med snarleg oppstart. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.