Now hiring

Sjukepleiar til 60-80% fast nattevaktsstilling ved Kirurgisk klinikk post 3 @ Helse Bergen HF, Kirurgisk klinikk

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du ha ei meiningsfull og spennande nattevaktstilling der du verkeleg får brukt kompetansen din som sjukepleiar?Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av Avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tek hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet. Posten har 20 senger og behandlar både elektive og akutte pasientar, noko som gir varierte arbeidsdagar og høg fagleg utvikling – også på natt.Du får moglegheit til å jobbe sjølvstendig, samstundes som du har støtte frå dyktige og engasjerte kollegaer. Post 3 er kjend for eit godt arbeidsmiljø, høg trivsel og ein kultur der ein stiller opp for kvarandre.Avdelinga er opptatt av fagleg oppdatering og innovasjon, og vi legg til rette for at du kan utvikle deg vidare som sjukepleiar. Post 3 jobbar tett saman med dei andre postane i Kirurgisk klinikk, noko som gir godt samarbeid og tryggleik i arbeidet.Stillingsprosent er oppgitt til 80%, men vi kan tilby stillingsprosent mellom 60–80% for den rette kandidaten.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores