About this role
Ledig fast stilling i 100% som Seksjonsleiar ved kirurgisk klinikk post 3.Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi og tar hand om pasientar med sjukdommar i mage og tarm. Posten har 20 senger og rundt 38 årsverk, med ca 60 tilsette. Kjenneteikn ved posten er at den har både elektive og akutte pasientar, der mange er alvorleg sjuke. Avdelinga har m.a. regionalt ansvar for flere av våre diagnosar.De tilsette i posten består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar med jamt over høg kompetanse. Personalet er aktive, har godt humør og er løysingsorienterte. Einingsleiar har ein assisterande einingsleiar. Som einingsleiar vil du jobbe tett saman med assisterande einingsleiar og samarbeide med dei andre to gastrokirurgiske sengepostene i avdelinga. Alle tre sengepostar har felles mål og plan for utvikling av helsetenesta. Vi har eit godt arbeidsmiljø som vi er stolt over. Arbeidstid er i hovudsak dagarbeid med arbeidstid 07.00-15.00. Kirurgisk klinikk, post 3, er ein av fem sengepostar i kirurgisk klinikk. I vår klinikk samarbeider einingsleiarar tett og har felles mål og plan for utvikling av pleietenesta. Vi ønsker derfor at du som søkar er initiativrik, engasjert og har eit ønske om å utvikle eigen avdeling i tillegg til å aktivt delta i utviklinga av Kirurgisk klinikk.