About this role
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS) i karkirurgi, samt eit vikariat i LIS-stilling. Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga.Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi.Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet.Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen.Den faste stillinga inngår i den vaktordninga som til einkvar tid gjeld ved Kirurgisk klinikk. For vikariatet kan dette avtalast. Vi tilbyr eit strukturert utdanningsløp med fokus på fagleg utvikling og opplæring i både open og endovaskulær karkirurgi. Du vil også delta i forskings- og fagutviklingsaktivitetar, og få rettleiing av erfarne overlegar som er dedikert til å sikre din kompetanseutvikling.For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.