Now hiring

Sjukepleiar? Bli en del av teamet ved Hjartepost og MIO @ Helse Fonna HF

HAUGESUNDOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du interesse for hjartepasientar, avansert overvaking og akuttmedisin? Vi har ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus, med oppstart 1.9 eller etter avtale. Hjarteposten og MIO er ein del av Hjarte- og lungeseksjonen og består av ein kardiologisk sengepost og ei medisinsk intermediær overvaking (MIO). Per i dag er det 9 senger på Hjarteposten og 6 senger på MIO.Hos oss møter du eit spennande pasientgrunnlag med behov for både basal og avansert behandling. Vi behandlar pasientar med hjartesjukdommar som akutt/trugande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, dei som har behov for pacemaker, har hjartesvikt og andre hjartelidingar. Vi tek oss av pasientar som treng overvaking, pasientar med sepsis, ketoacidose, forgifting, hjerneinfarkt, arytmi, elektrolyttforstyrringar og respirasjonsproblem som krev non-invasiv respirasjonsstøtte. MIO bemannar også sjukehuset sin scop-/telemetrisentral, og scopvakta er ein del av hjartestans-teamet.Her får du jobbe i team - ulike yrkesgrupper samarbeider tett for å gi best mogleg kvalitet i pasientbehandlinga. Kvalitet og læring står sentralt. VI har eigne fasilitatorar som sikrar årlege AHLR-simuleringar, i tillegg til vekentlege simuleringar knytt til NEWS og akutte situasjonar.Hjartepoliklinikken vår har høg aktivitet - om lag 8000 årlege konsultasjonar. Her arbeider dedikerte sjukepleiarar, fleire spesialiserte innan fagområde som hjartesvikt, arytmi og pacemaker.✨ Bli med på laget vårt – søk no!Avdelinga er i spennande utvikling – vi skal flytte inn i nyoppussa lokale og byggje opp eit sterkt og samkøyrt tilbod saman. No ser vi etter ein sjukepleiar som vil vere med å skape ein trygg, fagleg sterk og varm Hjartepost/MIO for pasientane våre.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores