Now hiring

Vil du leie kvalitetsarbeidet ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi? @ Helse Førde

FørdeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein bioingeniør med interesse for medisinsk biokjemi og kvalitetsarbeid? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) søker engasjert og framtidsretta kvalitetsleiar for medisinsk biokjemi. Dette er ei nøkkelrolle for deg som ønsker å kombinere fagleg tyngde med utviklingsarbeid. Som kvalitetsleiar får du ei sentral rolle i å vidareutvikle kvalitetsstyringssystemet og vere ein viktig pådrivar for kontinuerleg forbetring. Du arbeider tett med leiarar og fagmiljø, og bidreg til at laboratorieresultata held høg kvalitet og gjev trygt grunnlag for diagnostikk og behandling.LMBB har analyseseksjonar ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid, og har omlag 60 tilsette med ulike yrkestitlar. Avdelinga leverer laboratorietenester til avdelingar og poliklinikkar i Helse Førde, og til dei kommunale helsetenestene i Sogn og Fjordane. Stillinga er organisert i stab til avdelingssjef og du får ansvar for å samordne kvalitetsstyringsystemet for avdelinga, i samarbeid med leiarar og fagansvarlege på tvers av seksjonane. Noko reiseverksemd mellom seksjonane må påreknast. 🌟 Vi søker deg som vilVere avdelinga sin fremste pådrivar for kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid Sikre at kvalitetsstyringssystemet støttar både fagleg utvikling og drift Bidra til at avdelinga møter framtidige kvalitetskrav og teknologisk utvikling Bygge ein sterk kvalitetskultur i samarbeid med kollegaer Omsette regelverk og kvalitetskrav til praktiske, velfungerande løysingar 🌟 Hos oss får duEin enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det mesteBu i eit friluftseldorado med unike moglegheiter for toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling, alpint og andre aktivitetar Urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar.Flyplass og utbygd bussrutenett for god kommunikasjon til dei større byane Startdato etter avtale. Er du klar for å bli ein del av vårt team? LMBB Førde Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga.Vi gler oss til å bli kjent med deg! Ved internt opprykk/omrokkering kan det bli ledig stilling elles i avdelinga. Oppgje i søknaden om dette er av interesse

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores