Now hiring

Bioingeniør med interesse for transfusjonsmedisin? Søk da vel🌟 @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer etter ein dyktig og engasjert medarbeidar som vil bli ein del av det flotte laget vårt! 🔬 Kva kan vi tilby deg? I avdelinga vår er vi rundt 20 dyktige og trivelege kollegaer som har det kjekt saman. Arbeidsdagane er varierte med rotasjon på ulike arbeidsstasjonar, noko som gir eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er stolte av det sterke samhaldet vårt og set stor pris på godt samarbeid og trivsel på jobb. Vi hjelper deg med reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-). Vi dekker husleige dei første 6 månadene (inntil 60.000,-). 📍 Om stillinga: Turnusstilling innan transfusjonsmedisin. Turnus kan i stor grad tilpassast dine behov – oppgi gjerne ønskje i søknaden. 💡 Kvifor velje oss? Immunologi og transfusjonsmedisin held til i toppmoderne lokale i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er akkrediterte av Norsk Akkreditering og oppfyller dei høgaste krava til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO. Dei avanserte laboratoriedatasystema våre, ProSang og Unilab 700, samt Reveos-automatisert produktframstilling, hjelper oss med å levere arbeid av høg kvalitet. 📞 Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Vi ser fram til å høyre frå deg! 👉 Søk no og bli ein del av vårt lag! Oppstartsdato kan avtalast. Er du nyutdanna bioingeniør, eller blir du ferdig sommaren 2026, oppmodar vi deg til å søkje. Vikariat kan også bli vurdert. Vi kan gjennomføre intervju fortløpande, men alle søkjarar blir vurderte etter søknadsfristen. Kva går jobben ut på Blodtypeserologisk analysearbeid Tapping av blodgivarar Komponentframstilling Blodutlevering Andre arbeidsoppgåver ved behov. Blodprøvetaking Kva kompetanse er viktig i denne rolla Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad. Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav. Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Vi ser etter deg som: er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert samarbeider godt med ulike faggrupper tek ansvar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet trivst med varierte arbeidsdagar og eit aktivt fagmiljø er motivert for å lære og utvikle deg innan transfusjonsmedisin Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss Ein trivelegarbeidsplass med godt miljø og inkluderande kolleger. Varierte arbeidsoppgåver Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden KontaktinformasjonAnita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152941006 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores