About this role
Er du ein sjukepleiar som trivst med sjølvstendig arbeid og ønsker å bidra til trygg og god pasientoppfølging gjennom natta? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar til fast nattstilling ved vår sengepost. Vi er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og har ein sengepost med 13 senger og ein poliklinikk med høg aktivitet. Her møtar du pasientar med blant anna KOLS, lungefibrose og astma, og du jobbar tett i tverrfaglege team. Vi har no ledig ein fast stilling som sjukepleiar på natt. Hos oss får du god opplæring, fagleg støtte og øvingar som styrkjer kompetansen din. Vi samarbeider også med medisinsk intermediær overvaking (MIO) for pasientar som treng tett oppfølging. Vi kan tilpasse stillingsstorleiken etter dine behov og ønskje.👉 Vi gler oss til å motta din søknad! Kva går jobben ut på? Kliniske observasjonar og overvaking av pasientar gjennom natta. Handtering av akutte situasjonar og raske endringar i pasienttilstand. Prioritering og sjølvstendig vurdering i eit tverrfagleg miljø. Dokumentasjon og rapportering til dagvakt og behandlande team. Bidra til ro, tryggleik og kontinuitet for pasientane i nattperioden. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sykepleier. Relevant sjukehuserfaring er ein fordel. Kjennskap til, eller interesse for å lære meir om hjartepasientar, lungesjukdomar og akutt kritisk sjuke. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du trivst med å arbeide sjølvstendig og ta ansvar er trygg i faglege vurderingar og avgjerder har evne til å prioritere arbeidsoppgåver i uforutsette situasjonar bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø på natt er profesjonell og empatisk i møte med pasientar, pårørande og kollegar Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss? Stabile og faglig sterke kollegaer. Fagleg utvikling, t.d støtte til relevant utdanningar (lunge-, kreft-, palliasjon-, og intensivsjukepleie) Vi har ein 12-månaders kalenderplan som gir rom for involvering. Høg grad av sjølvstende og ansvar i arbeidet. Tilrettelegging for god oppfølging og opplæring for nye nattsjukepleiarar. Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonRanveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleder , 98879205, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5163565700 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .