Now hiring

Reinhaldsoperatør @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du vår nye reinhaldsoperatør? Vi har no ledig to 1års vikariat ved avdelinga vår. Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. I avdeling for husøkonomi blir du ein del av ein kultur der det er forskjellane våre som bringar oss videre. Det er ein inkluderande gjeng frå 14 ulike nasjonalitetar. Stillingane inngår i ein firevekesturnus med arbeid på dagtid, éi veke kveld og kvar fjerde lørdag. Kva går jobben ut på? Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar. Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens. Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar. Smittereinhald etter angitt prosedyre. Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800. Bruk av digital reinhaldsplan - CleanPilot. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget, lang erfaring frå reinhald kan kompensera for utdanningskravet. Ønskeleg med erfaring i smittereinhald, periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar. Søkjar bør kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800. Grunnleggjande IKT kompetanse. Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du arbeider både sjølvstendig og i team er positiv, åpen og imøtekomande har god arbeidskapasitet tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver Personlege eigenskapar blir vektlagd. Vi tilbyr Moglegheit for personleg og fagleg utvikling. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den tilsette kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid. Dette vil regulerast i ein arbeidsavtale. God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring. Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag. KontaktinformasjonJarle Reinertsen, Avdelingsleiar ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5161080779 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 21.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores