Now hiring

Fagsjukepleiar @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer ein engasjert og strukturert kollega som vil vere med på å løfte det faglege nivået på avdelinga vår. Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar? Vil du ha ein arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid med fagleg utvikling, rettleiing og organisering? Hos oss får du ein unik moglegheit til å forme din eigen kvardag, samstundes som du sikrar at pasientane våre får det aller beste tilbodet. Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med andre fagsjukepleiarane i operasjonsavdelinga. Du vil også samarbeide opp mot ortopeder, ulike avdelingar og leverandørar. Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon. Arbeidsoppgåver Systematisere, utføre og dokumentere klinisk fagutviklingsarbeid Planlegge og organisere fagdagar og internundervisning Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette Delta i den daglege drifta Kontaktperson opp mot leverandørar Bestilling/handtering av utstyr Vere med på å utvikle og forbetre logistikken i seksjon Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga Gi faglig oppfølging Stillingen vil være delt: 50/50 fag og klinisk arbeid. Kvalifikasjonar Ha gode kunnskaper innen fagfeltet ortopedi Norsk autorisasjon som sjukepleiar Videreutdanning innan operasjon Interesse for fag og fagutvikling God IKT kompetanse Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du kommuniserer og samarbeider godt med andre Du arbeider strukturert og målretta Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du trivast med å rettleie andre å få andre til å bli god Du er serviceinnstilt og løysingsorientert Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Vi tilbyr Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsvilkår Eige program for nytilsette Store faglege utfordringar Dyktige medarbeidarar Lønn etter tariff Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLinda Kristine Jansson, Seksjonsleiar, +47 99524423 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5151974807 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores