Now hiring

Seksjonsleiar @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du leie der syn møter framtid? Vi søker Seksjonsleiar til Augeavdelinga, Poliklinikk. Vi ser etter deg som vil meir enn å drifte – du vil utvikle, inspirere og sette retning. I Augeavdelinga skjer det mykje spennande. Teknologi, pasientbehandling og arbeidsmetodar er i stadig utvikling, og nå søker vi ein seksjonsleiar som vil vere med å forme framtidas poliklinikk – saman med eit sterkt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar. Som seksjonsleiar får du ein sentral og synleg rolle i ein poliklinikk med høg aktivitet og stor betydning for pasientene våre. Du er bindeleddet mellom medarbeidarane, fag og drift, og har ansvar for å skape gode rammer for både kvalitet i behandlinga og effektiv organisering av kvardagen. I denne rolla kombinerer du operativ leiing med utviklingsarbeid – du sørge for at den daglege drifta fungerer godt, samtidig som du driv forbetring og bidrar til å vidareutvikle tenestene våre. Du vil jobbe tett med dyktige fagpersonar, og vere ein pådrivar for samarbeid, gode pasientforløp og eit arbeidsmiljø prega av trivsel og fagleg stoltheit. Du vil ha med deg tre assisterande seksjonsleiarar med ansvar for ulike deler av drifta i poliklinikken. Som ein del av avdelinga si leiargruppe får du også moglegheit til å påverke strategiske beslutningar og retninga vidare for Augeavdelinga. Arbeidsoppgåver Heilskaps- og resultatsansvar; økonomi, personal, drift, fagleg utvikling Samarbeid med sideleiar og seksjonsoverlege Seksjonsleiar er del av leiargruppa ved Augeavdelinga og er med på å leie, og forme avdelinga sin strategi Samhandling eksternt og internt Ansvar for arbeidstidsplanlegging Dokumentasjon og evaluering av verksemd Bygge sterke team og utvikle kompetente medarbeidarar Jobbe aktivt med forbetring, innovasjon og smartare drift Kvalifikasjonar Relevant høgarere utdanning – gjerne innan helse Leiarutdanning og/eller leiarerfaring blir vektlagt Erfaring frå drift og organisasjonsutvikling er ein fordel Erfaring fra poliklinikk eller helsetenester er ønskeleg God forståing for organisasjon, ressursstyring og endringsarbeid Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Teknologipositiv - ta i bruk nye verktøy Personlege eigenskapar Du er ein trygg og motiverande leiar som får fram det beste i medarbeidarane Du arbeider strukturert, målretta og har god fagleg vurderingsevne Du har høg arbeidskapasitet og trivst i eit miljø med høgt tempo Du er fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig Du kommuniserer godt og bidrar positivt til eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø Vi tilbyr Leiarstilling med moglegheiter for fagleg utvikling og utdanning som leiar Lønn etter avtale Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKjetil Sævartveit, Direktør, 90831123 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5151471060 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores