Now hiring

Lege i spesialisering @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Bergen, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Medisinsk klinikk, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig to stillingar for lege i spesialisering i indremedisin, med moglegheit for spesialisering innan våre øvrige hovudspesialitetar; blodsjukdommar, endokrinologi, fordøyelsessjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar. Stillinga er ledig frå 01.03.2027.Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i alle spesialitetane. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Klinikken har eigne seksjonar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, hormonsjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar, nyresjukdommar, klinisk ernæringsfysiologi, sosionomtenester, kontortenester og forsking. Klinikken har ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med eit breitt spekter av indremedisinske tilstandar og har fem sengepostar med 71 senger, mellom dei 12 overvakingssenger til våre ulike pasientkategoriar. Klinikken har vel 650 tilsette, har 5500 døgnopphald, mest øyeblikkeleg hjelp, og driv i tillegg ei stor poliklinisk verksemd med meir enn 80.000 konsultasjonar kvart år.

Klinikken har eiga dialyseavdeling med 15.000 dialysar årleg og stor gastroenterologisk endoskopisk og ultrasonografisk verksemd. Saman med Klinisk Institutt 1 og 2, Universitetet i Bergen, har klinikken ei stor forskingsverksemd.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver Delta i klinikken sine ulike aktivitetar Delta i medisinsk forvaktsordning Delta i undervisning i Medisinsk klinikk Klinisk undervisning for studentar inngår i oppgåvene Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid i klinikken Kvalifikasjonar Den som blir tilsett må ha norska autorisasjon og godkjend tirnustjeneste/LIS1 eller tjeneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i indremedisin Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg Forskningsinteresse eller-erfaringer er ein fordel Personlege eigenskapar Vi søker etter lege med interesse for indremedisin Må ha gode evner til å arbeide med pasientar Må vere godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevnr på tvers av medarbeidargrupper Vi tilbyr Stimulerande arbeidsmiljø i ein aktiv klinikk med høg fagkompetanse Sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking Gode høve for deltaking i forsking Gode pensjons- og forsikringsordningar Lønn etter gjeldane overeinskomstar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTrond Bruun, Seksjonsleiar, Seksjon for infeksjonssjukdommar, 55975657, [email protected] Steinar Skrede, Assisterande klinikkdirektør, 55972947, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5203039196 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores