About this role
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar. Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset. Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane: Barne- og ungdomsklinikken Nevroklinikken Drift/teknisk divisjon, Hospitaldrift telefoni Rus- og avhengigheitsklinikken, Korttidsavdeling Engenhuset Arbeidsoppgåver Barne- og ungdomsklinikken, BUK-kontor er ein eining med 17 årsverk fordelt på 22 tilsette. Eininga er organisert i team, inndelt etter fagseksjonar, og arbeidet blir utført gjennom rullering mellom ulike arbeidsstasjonar. Arbeidsstasjonane omfattar mottak for barn og unge, resepsjon (bemanna i samarbeid med KK), telefonbetening, inntaksdagar med planlegging og innkalling av pasientar, måle- og vektstasjon samt beinmargsutstryk. I tillegg bemannar eininga tre sengepostar med postsekretærar. Denne stillinga inngår ikkje i den ordinære rulleringsordninga. Eininga har 2-delt turnus i mottaket for barn og unge og i resepsjonen i Glassblokkene, som bemannast i samarbeid med KK. Turnusen omfattar dag- og kveldsvakt, og arbeid på helgar og heilagdagar må påreknast. 2-delt turnus (vakter: 07:00-1430, 08:00-15:30, 11:30 - 19:00, 10:00 - 18:00, 15:30 - 22:30). Arbeidsoppgåver vil vere beinmargsutstryk, måling og veging av barn/ungdom før legekonsultasjon. Kontakt: Sissel Iversen, Tlf. 40833399 Nevroklinikken består av Nevrologisk avdeling, Nevrokirurgisk avdeling, Avdeling for Klinisk nevrofysiologi, Logopedtenesta og Neuro-SysMed. Klinikken tar årleg imot nær 8000 pasientar for innlegging og om lag 18.000 pasientar for poliklinisk konsultasjon. Ved Nevrokirurgisk avdeling blir det utført omkring 1200 inngrep kvart år, av dei over 370 behandlingar i Strålekniv (gammakniv). Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene ved Nevroklinikken, og vi har eit av dei største forskingsmiljøa ved Haukeland universitetssjukehus. Merkantil teneste i Nevropoliklinikken utfører eit breitt spekter av oppgåver for dei ulike einingane i klinikken. Vi har nå ledig 100% fast stilling som sekretær/helsesekretær med oppgåver knytt til poliklinikk og sengepost ved Nevrologisk avdeling. Det må påreknast å utføre oppgåver elles i klinikken ved behov. Arbeidsoppgåver vil vere pasientadministrative oppgåver, telefon/resepsjonsteneste, bestilling av transport/overnatting/tolk med meir, økonomisk oppgjer, yte service til pasientar, pårørande og kollegaer og andre oppgåver i klinikken ved behov. Vi ser etter ein medarbeidar som er målretta, strukturert og sjølvstendig, du trivst i eit tverrfagleg miljø, du er fleksibel og likar varierte utfordringar, du meistrar høgt arbeidstempo og har god evne til å prioritere, du er profesjonell og empatisk i møte med pasient og pårørande, du likar å arbeide i team, du har evne til omstilling og du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Kontakt: Mette Myhre, Tlf 55978230 Kvalifikasjonar (overskrift) Drift/teknisk avdeling, Hospitaldrift telefoni har ansvaret for sentralbordtenesta ved Haukeland universitetssjukehus. På kveld, natt og i helger overtek eininga også sentralbordtenesta for Voss sjukehus og Kysthospitalet i Hagevik. Medarbeidarane i Hospitaldrift telefoni har god kjennskap til Helse Bergen som organisasjon og kva som sorterer under den enkelte avdeling. Dette set oss i stand til å gje brukarane ein sikker, god og effektiv service. Vi har ledig 100% fast stilling som sekretær. Stillinga er ledig frå snarast eller etter nærare avtale. Arbeidsoppgåver vil vere å betene sjukehuset sitt sentralbord, inngå i vaktturnus, som også omfattar kveld, natt og helg. Vi ser etter ein medarbeidar som har særs god munnleg framstillingsevne, du må ha gode språkkunnskapar i norsk og engelsk og erfaring frå sentralbord og kjennskap til organisasjonen er ein. Kontakt: Frode Hamre, Tlf. 55975000 Brenn du for å gi pasientar det aller beste førsteinntrykket, og ønsker du ein forutsigbar arbeidskvardag på dagtid i eit engasjert fagmiljø? Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) søker ein nøyaktig, serviceinnstilt og trygg helsesekretær til fast stilling ved Engenhuset i Bergen sentrum. Stillinga har fast arbeidstid på dagtid frå kl. 08:00 til 15:30, måndag til fredag. Her får du ein stabil og god arbeidskvardag utan kvelds- eller helgearbeid. Engenhuset samlar fleire av rusmedisinens viktigste sengepostar, polikliniske og ambulante tenester under eit tak. Som helsesekretær hos oss blir du det viktige ansiktet utad og limet i seksjonen vår. Du vil jobbe tett saman med eit tverrfagleg team beståande av legar, psykologar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosialfagleg personell. Vi ønsker snarleg tilsetting. Kontakt: Mai-Elin Lillevik Hagenes, Tlf. 91148461 Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling Pasientadministrative oppgåver Telefon/resepsjonsteneste Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir Økonomisk oppgjer Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr/transport/tolk Ved Avdeling for medisinsk genetikk bistår sekretærane mellom anna med blodprøvetaking, mottak og registrering av pasientprøver, og tegning av slektstre Kvalifikasjonar Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær Helsesekretær må ha norsk autorisasjon Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav Du må ha gode IKT-kunnskapar Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner Nøyaktigheit Serviceinnstilling Fleksibel og evne til å ta utfordringar Kunne arbeide sjølvstendig og i team Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Fagleg og personleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonSjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5160964706 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.