Now hiring

Drifts- og serviceteknikar, byggdriftar @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har ledig stilling som drifts- og serviceteknikar med hovudvekt på ventilasjon. Avdelinga består av 15 medarbeidarar med kompetanse innan fleire fagormåde. Dette er ei spanande og utfordrande stilling der du får vere med på å vidareutvikle og styrkje den tekniske drifta i helseføretaket. Arbeidstid Inngå i vaktordning må påberegnast på sikt Oppstart Snarast mogeleg eller etter nærare avtale. Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar kvinner til å søkje. Arbeidsoppgåver Fagleg ansvarleg for drift av ventilasjonssystem og inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å drifte øvrige tekniske anlegg ved Førde sentralsjukehus Samarbeide med øvrig teknisk personell ved Førde sentralsjukehus Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med forebyggende vedlikehald Ta del i dei til ei kvar tid pågåande oppgåver som ligg til avdelinga Kvalifikasjonar Fagbrev er eit ønskje innan eit eller fleire av fagfelta elektro, automasjon, VVS eller bygg Lang relevant erfaring innan eit eller fleire av nemnde fagfelt, kan kompensere for formell kompetanse Må beherske norsk og engelsk godt, både munnleg og skriftleg Må ha gode IT-kunnskapar Personlege eigenskapar Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø. Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert Du er punktleg og påliteleg Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel Vi tilbyr Varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar Spennande stilling der du får vere med å utforme arbeidsdagen din Lønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Fagleg utvikling gjennom kursing Gode velferdsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, (+47) 992 88 838 ArbeidsstadSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5155828361 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores