About this role
Avdeling for medisinsk sekretærtenest e ved Førde sentralsjukehus har ledig 70 % fast stilling som helsesekretær/sekretær. Avdelinga har sju tilsette som utfører sekretæroppgåver for radiologisk avdeling. Du blir ein del av eit inkluderande sekretærteam med felles kontorlandskap og tett samarbeid med radiografar, radiologar og andre faggrupper ved avdelinga. Dette gir varierte arbeidsdagar i eit aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø.
- Arbeidsoppgåver Skrankefunksjon Telefonbetening Handtere elektroniske førespurnader Kalle inn pasientar til timeavtaler Ssamarbeide tett med anna helsepersonell på avdelinga Utøfre anna førefallande kontor- og pasientadminstrative oppgåver Kvalifikasjonar Helsesekretærutdanning er ein fordel, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning Erfaring frå pasientadministrative dataprogram som Sectra og Dips Arena, samt kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar God kommunikasjonsevne Serviceinnstilt Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein spennande og utfordrande jobb Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
- Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHanne Irene Emberland Bildøy, Avdelingssjef, 578 31 325 ArbeidsstedSvanehaugsvegen 2 6810 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5202522998 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 15.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.
Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.