About this role
Vil du vere fagbioingeniør i eit moderne patologilaboratorium i utvikling?Vi har ledig stilling som fagbioingeniør på laboratorium for patologi og ser etter deg som ønskjer å arbeide med spennande oppgåver og bidra til presis diagnostikk for pasientane vårer. Ved internt opprykk kan det bli ledig grunnstilling/vikariat. Dersom dette er aktuelt for deg, oppmodar vi deg til å opplyse om det i søknaden.Sjå litt frå kvardagen vår her: BlimedossHer arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose frå patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Avdelinga arbeider med digital patologi, molekylær diagnostikk og persontilpassa medisin, og er i kontinuerleg fagleg utvikling.Avdeling for patologi i Helse Førde har kring 25 medarbeidarar som arbeider i lag for å sikre diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Som fagbioingeniør får du ansvar for prosedyrar, kvalitetsarbeid, metodeutvikling og opplæring innan eige fagområde. Du vil samarbeide tett med patologar og bioingeniørar i eit laboratorium med høg fagleg aktivitet. Sidan vi er ein liten avdeling, har vi gode moglegheitar for rullering på lab, slik at kvardagene blir varierte og at tilsette får brei kunnskap innan fagfeltet vi jobbar med. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri.Førde ligg sentralt på Vestlandet med nærleik til fjell, fjord og kyst. Byen har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Ved avdelinga har vi eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg og sosial trivsel.