Now hiring

Sjukepleiarar @ Helse Førde

LærdalOnsiteFull-timePosted today

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg! Lærdal sjukehus har ledige stillingar for sjukepleiarar ved medisinsk sengepost: 100 % fast stilling100 % vikariat frå snarest til 01.09.2027 90 % vikariat frå snarest til 01.09.2027Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, medan 5 % er elektive pasientar. Vi er ein generell medisinsk sengepost med pasientar innan hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Vi har eit godt fagmiljø, samstundes som vi ikkje er større enn at vi bli godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å få seg nye bekjente.Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for alle. Den sentrale plasseringa mellom Bergen og Oslo gjer bygda til eit naturleg knutepunkt Sjukehuset har òg personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.Meir informasjon om Lærdal kan du lese her. Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Sjukepleiarar at Helse Førde | ResuMinder Jobs