About this role
Seksjon døgn ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.12.2026 til 31.08.2027. Vil du arbeide tett med pasientar som opplever psykiske vanskar, og bidra til eit viktig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø.Ved Nordfjord psykiatrisenter gir vi behandling til menneske i ulike fasar av livet. Seksjon døgn har 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette.Psykiatrisenteret har tre seksjonar med til saman om lag 75 årsverk. Du vil samarbeide med fleire faggrupper, mellom anna psykologar, overlegar, legar i spesialisering, sosionomar og miljøterapeutar.Ønskjer du å vite meir om arbeidsplassen? Les meir om Nordfjord psykiatrisenter på heimesida vår: Nordfjord psykiatrisenter