About this role
Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved Serviceseksjon Nordfjord vere noko for deg.Serviceseksjon Nordfjord leverer sekretærteneste til skadepoliklinikken, medisinsk avdeling og radiologisk avdeling. Seksjonen har ansvar for pasientadministrative oppgåver, mellom anna innkalling av pasientar, registreriing, telefoni, betaling og skriveteneste. I tillegg har seksjonen ansvar for sentralbord og ID-kort ved Nordfjord sjukehus.Som seksjonsleiar blir du ein viktig del av den lokale leiargruppa ved Nordfjord sjukehus og medlem i sjukehuset si beredskapsleiing. Det er jamlege møtepunkt og tett samarbeid med dei andre leiarane ved sjukehuset. Du blir òg ein del av leiarteamet i Avdeling for medisinsk sekretærteneste.Sekretærtenesta er eit fagområde i stadig utvikling. Nye arbeidsformer og innføring av teknologi skapar nye moglegheiter og endrar måten vi arbeider på. Vi søkjer deg som er framtidsretta og ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje sekretærtenestene i Helse Førde.Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt fritids- og kulturtilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt. Det er òg kort veg til flyplass. Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær, og kva som gjer jobben hennar meiningsfull og verdifull.Vi ser fram til å motta søknaden din.