Now hiring

Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga @ Stad kommune

NordfjordeidOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit spennande tiltak, så kan dette vere stillinga for deg!Stad kommune ved Bu- og miljøtenesta, avdeling barneavlasting/barnebustad, har ledig ei 100 % stilling i vikariat som vernepleiar/miljøterapeut, med oppstart snarast mogleg. Vikariatet varer ut november 2027. Det er moglegheit for at 23 % av stillinga (helgearbeidet) kan gjerast om til fast tilsetjing.Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med langvakter knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning og vakter i Barneavlastinga. Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter.Barneavlastinga gjev eit avlastingstilbod for familiar som har eit tyngande omsorgsbehov for sine barn. Barna har ulike behov for oppfølging og bistand. I avdelinga arbeider ein tett på barna gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Som tilsett er du med på å skape tryggleik, meistring og gode dagar for barna. Stillinga krev at ein kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivast med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagane er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores