About this role
Vi søkjer deg som er sjukepleiar og som ønskjer ein variert arbeidskvardag hos oss. Vi har ledig: 2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar. Vi ønskar tiltredning snarast, men er fleksible.Stillingen går i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kunnskap innan indremedisin og jobbar tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamnleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø. Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerlig observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Nordfjord sjukehus og lokalmiljøetNordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, samt eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er også kort avstand til flyplass.