About this role
Medisinsk seksjon, Nordfjord sjukehus har ledig 100 % fast kombistilling som geriatrisk sjukepleiar/sjukepleiar:40 % på eldremedisinsk poliklinikk60 % på medisinsk sengepost.Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage/tarm, hjarte, lunge, infusjon, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade. Medisinsk sengepost er ein spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Denne kombistillinga gir ein variert og spennande arbeidskvardag med både poliklinisk arbeid og arbeid på sengepost. Hos oss får du ei bratt læringskurve, høve til å lære mange prosedyrar og tileigne deg brei kompetanse innan indremedisin, geriatri og akuttmedisin.Vi har fokus på fagleg utvikling og tilbyr jamleg simuleringstrening, undervisning og kompetanseheving,. Samstundes er vi opptekne av eit godt arbeidsmiljø. Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt kultur- og fritidstilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt.Høyrest dette ut som noko for deg? Vi gler oss til å ta imot søknaden din.