About this role
Nevroklinikken har ledige vikariat for pleieassistentar på helg Nevroklinikken har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre og fagleg utvikling for dei tilsette.Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.Nevrologisk akuttpost har 30 sengeplassar inkludert nevroovervaking med 4 senger. Akuttposten er delt inn i 3 lag: Kronikareining, Generell eining og Slageining. Kronikareininga tek for det meste imot pasientar med hjernesvulstar, Parkinsons sjukdom og ALS. Utgreiing, behandling og palliasjon er hovudoppgåver ved eininga. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hos Slageininga. Generell eining greier ut og behandlar pasientar med epilepsi, Ischias/lumbago, ulike typar hovudpine, betennelser i det perifere og sentrale nervesystemet, borrelia, myasteni og MS. Godt, tverrfagleg samarbeid er et viktig prinsipp i pasientbehandlinga hos oss. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger (NOVA). Vi har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Vi behandlar både vaksne og barn, og har nasjonal behandlingsteneste for strålekniv og pasientar med vestibularisschwannom.Vikariata er for 12 månader med oppstart etter avtale.