About this role
Møre bispedømmekontor er plassert i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømmekontoret har om lag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar «Kyrkjefag og samfunn» og «HR og organisasjonsutvikling». Rådgjevarane i kyrkjefag og samfunn er er ein del av biskopen og bispedømerådets administrasjon, og skal vere støtte for biskopen i hennar arbeid med tilsynet med vigsla medarbeidarar og kyrkjelydane, vere med å verkeleggjere bispedømets startegi og støtte prostar og dei lokale kyrkjelydane. I Møre bispedømme er det 95 sokn og 25 Kyrkjelege fellesråd. Fram mot 2030 har Møre unge og unge vaksne, kyrkja som samfunnsaktør og organisasjonsutvikling som satsninsområder.Møre bispedøme har ledig eit årsvikariat i avdeling for kyrkjefag og samfunn. Vi søkjer etter ein rådgjevar som kan gå inn i arbeidet i avdelinga, med hovudfokus på arbeidsfelta kyrkjeleg undervisning, diakoni, unge og unge vaksne og ungdomsdemokrati. Det vil og vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan kommunikasjon. Kyrkjefagavdelinga arbeider tett saman, og det vil vere naturleg å tilpasse arbeidsoppgåvene til den kompetansen og erfaring som den som blir tilsett har. Det kan og vere aktuelt å gå inn i andre fagfelt innan kyrkjefag og samfunn.Ein søkjer etter ein person med høgare utdanning innan teologi, diakoni eller kyrkjeleg undervisning. Erfaring frå Den norske kyrkja, enten som tilsett eller frivillig er ønskeleg. Stillingsstørrelse er 50-100%. Varighet er 1 års vikariat, med moglegheit for forlenging.Kontorstad er Molde.Virkar dette spennande? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Maria Vassli Gjære eller stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug for ein prat om stillinga.