Now hiring

Lærar @ VOSS KULTURSKULE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-timePosted 26 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Voss kulturskule har ledig 50% stilling, fast, som lærar innan rockeband frå 01.08.2026. Noko av stillinga er knytt til produsentoppgåver i kulturskulen. Om arbeidsstaden Voss kulturskule har om lag 9,5 årsverk fordelt over 20 tilsette. Skuleåret 24/25 har skulen om lag 560 registrerte elevplassar innan musikk,dans,drama og biletkunst. Skulen har base og det aller meste av undervisninga si i Voss kulturhus, og har mange store og mindre produksjonar i løpet av skuleåret. Me nyttar programmet Speedadmin i administrasjon av skulen, og det er ein fordel om søkjarar har erfaring med dette programmet. Arbeidsoppgåver Gruppeundervisning i rockeband Planlegge og gjennomføre konsertar Delta på møter, felles utviklingsarbeid Tverrfagleg samarbeid med andre tilsette i kulturskulen konsertar, forestillingar og prosjekter i løpet av skuleåret. Fungere som produsent for kulturskulen sine produksjonar Kvalifikasjoner Høgare kunstfagleg utdanning med pedagogikk er ønskeleg. Erfaring frå kulturskuleundervisning, eller tilsvarande undervisning Gode samarbeidsevner og personlighet vert vektlagt God IT forståelse Me tilbyr Fine undervisningslokaler i Voss Kulturhus Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Søknad Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Lærar at VOSS KULTURSKULE | ResuMinder Jobs