About this role
Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord? Er du ein person som brenn for å gjere ein forskjell i menneske sine liv – spesielt når livet er som vanskelegast? Ønskjer du å bidra til at folk opplever respekt, likeverd, medverknad og omsorg i møte med psykiske utfordringar? Då kan dette vere akkurat den jobben du har venta på! Ved Nordfjord psykiatrisenter jobbar vi kvar dag for å betre folkehelsa – med hjartet i det vi gjer. Seksjon døgn er ein viktig del av dette arbeidet, med 12 sengeplassar og eit engasjert team på om lag 30 tilsette. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement – frå psykologar og overlegar til miljøterapeutar, miljøarbeidarar, erfaringskonsulentar og helsesportspedagog. Seksjon Døgn har ledig eit 100 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.05.2026 , og vi ser etter deg med treårig helse- og/eller sosialfagleg utdanning – til dømes sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar eller sjukepleiar. Stillinga inneber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar 3. helg eller mulighet for arbeid kvar 4. helg med lange vakter. Hjå oss får du: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø Moglegheit til å påverke og utvikle tilbodet til pasientane Ein variert arbeidskvardag med pasientnært arbeid Ein meiningsfull kvardag der du gjer ein forskjell Oppstart etter nærare avtale. Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her . Vi tilbyr Jobb saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane Fleksibilitet til å kunne ta initiativ og påvirke eigen arbeidskvardag Får vere ein del av ein større organisasjon i stadig utvikling Arbeidsoppgåver Ta vare på og gje behandling til menneske som er i døgnopphald, i samsvar med pasienten sin behandlingsplan Involvere pårørande i behandlinga til deira nære Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våre til det beste for pasientane Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar Personlege eigenskapar Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert Ønskje om fagleg utvikling Trivst med å jobbe i tverrfagleg team Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner Gode kommunikasjonsevner Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde. Kvalifikasjonar Interesse for fagfeltet Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg Treårig helse- og/eller sosialfagleg utdanning (sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar og sjukepleiar) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSynnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, (+47) 971 89 629 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6770 NORDFJORDEID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5145327603 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.05.2027 Søknadsfrist: 05.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.