About this role
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal – Hjelset. Vil du vere med å forme framtidas kirurgi i eit nytt og moderne sjukehus? Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk gastro-/generell kirurg som ønskjer å bidra aktivt i utviklinga av kirurgisk aktivitet ved SNR Hjelset. Hos oss får du ei unik moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit miljø som er i sterk utvikling. Eit fagmiljø med utviklingsmoglegheiter! Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Kirurgiske legar SNR er ei felles kirurgisk seksjon med seksjonering innan gastrokirurgi, generell kirurgi, urologi og plastikkirurgi, og sørgjer for eit kirurgisk behandlingstilbod til befolkninga i Nordmøre og Romsdal, som utgjer om lag 110 000 innbyggjarar. Vi har òg traumefunksjon for same region. Ved seksjonen har vi blautkirurgiske senger fordelt på to sengepostar, i tillegg til pasienthotell. Dei øvrige sengene ved dei to sengepostane er til andre kirurgiske fagfelt som ortopedi, ØNH, auge og gynekologi. Vi er 5–6 overlegar og 8 LIS ved seksjonen. Det er felles kirurgisk vaktordning der LIS går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet blir dekt av LIS1. Overlegane dekkjer bakvakt med heimevaktordning. Vi er i ein spennande utviklingsfase, der ny teknologi og nye arbeidsformer er i ferd med å bli ein naturleg del av kvardagen – inkludert planlagd innføring av robotkirurgi. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønskjer å vere med å forme og vidareutvikle det kirurgiske tilbodet. Arbeidsoppgåver Delta i elektiv og akutt kirurgisk virksomheit Bidra til fagleg utvikling innan gastro- og generell kirurgi Delta aktivt i utvikling av nye behandlingsmetoder og pasientforløp Bidra til eit godt samarbeid i det tverrfagliege miljøet Rettleie og bidra til kompetanseutvikling i seksjonen Kvalifikasjonar Spesialist i gastroenterologisk kirurgi eller generell kirurgi (eller nær ferdig spesialist) Brei kirurgisk kompetanse og interesse for fagutvikling Erfaring fra norsk helsevesen er ein fordel Gode norskkunnskaper, skriftlig og muntlig Personlege eigenskapar Er fagleg engasjert og ønsker å utvikle fagområdet vidare Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Er strukturert og beslutningsdyktig Trivst i ein arbeidskvardag med både planlagt og akutt aktivitet Vi tilbyr Ei spennande stilling i eit nytt og moderne sjukehus Moglegheit til å påverke utviklinga av fremtida sitt kirurgiske tilbod Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Moglegheit for fagleg utvikling, inkludert innan robotkirurgi Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande overeinskomstar KontaktinformasjonGunn Eli Kvalsund, Konst. Seksjonsleder, (+47) 477 51 802, [email protected] ArbeidsstedOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5143295813 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal