About this role
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- eller meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-teneste. Vi har ledig i 100% fast stilling som miljøterapeut med arbeid i avlastning/ambulering frå 17.08.2026. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato. Kvifor velge oss: Varierte og spennande arbeidsoppgåver Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivlege og engasjerte kollegaer Ein arbeidsplass under endring og utvikling Vi vektlegg tryggleik, trivsel og høg kvalitet i tenestetilbodet Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad Internopplæring og faste fagmøter Kvalifikasjonar Krav om bachelor innanfor helse/sosialfagleg Det er ønskjeleg med erfaring frå miljøterapi og ambulerande tenester Det er ønskjeleg med erfaring i arbeid med autismespekterdiagnose Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav. Førarkort kl. B og muligheit til å dispoenere eigen bil. Køyregodtgjersle etter Staten sitt regulativ. Arbeidsoppgåver Oppfølging av helsetenester og samarbeid med andre instansar Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansatte behov Kartlegging, utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for den enkelte brukar Sikre kvalitet i tenesteytinga Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar Eininga nytta fagsystema Profil, Compilo og SamPro Delta aktivt i fagutviklinga i eininga Personlege eigenskapar Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester Omgjengeleg og serviceinnstilt Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting Du er ein god rollemodell I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter. Offentleg tenestepensjon for nytilsette KontaktinformasjonEspen Furset, Avdelingsleiar, 46411075 Stine Fjørstad, Avdelingsleiar, 93474099 Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059 ArbeidsstadKyrkjegata 13 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5138975872 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 16.06.2026 Om arbeidsgiveren: Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt . I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.