Now hiring

Ergoterapeut 100% vikariat @ STRANDA KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Stranda kommune har ledig 100% vikariat som ergoterapeut frå snarast til 31.12.26, med moglegheit for forlenging. Ergoterapeut og fysioterapeut har eit tett samarbeid og er samlokaliserte. Kontorstad er både ved helsestasjonen og ved Stranda omsorgssenter. Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. Månad for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der. Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn tre månadar. Arbeidsoppgåver Kartlegge og vurdere funksjonsevna både hjå personar som er heimebuande og på institusjon. Kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak for personar som er heimebuande og på institusjon. Rettleie og bistå brukarar i alle aldersgrupper, som av ulike årsaker har eller står i fare for å få funksjonsnedsetjing Delta i tverrfageleg arbeid for å gi eit heilskapleg tilbod til brukaren/pasienten. Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon Rettleie både kollegaer, pasientar og pårørande. Dagleg ansvar for fagleg forsvarlig oppfølging av pasientane. Samarbeide med andre aktuelle tenester og verksemder Kvalifikasjonar Offentleg godkjenning som ergoterapeut Erfaring som ergoterapeut frå kommunehelsetenesta Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Førarkort klasse B Disponere eigen bil Personlege eigenskapar Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Gode evner til tverrfagleg samarbeid Fagleg engasjert Strukturert, fleksibel og omgjengeleg Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr Ein utfordrande og varierte arbeidskvardag som du kan vere med å utvikle og ette ditt preg på Moglegheit for personleg og fagleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Nedbetaling av studielån dersom du bur i Stranda kommune KontaktinformasjonJosefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089 ArbeidsstadØyna 13 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5163646483 Stillingsprosent: 100% Vikar Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 25.08.2026 Om arbeidsgiveren: Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt . I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores