Now hiring

Helsefagarbeidarar @ STRANDA KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Norway (NO0A3)OnsiteFull-timePosted 5 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande. Vi har ledig 53% fast stilling som helsefagarbeidar frå 26.08.26 80% vikariat som helsefagarbeidar frå 01.09.26 - 31.08.27 Det må gå fram av søknaden kva stilling søknaden gjeld. Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus. Kvifor velge oss: Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag. Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette God variasjon i oppgåver og utfordringar Fokus på trivsel og arbeidsglede Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling Muligheit for vidareutdanning med støtte Ved rekrutteringsutfordringar vil det bli vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige (helt eller delvis) for ein tidsavgrensa periode Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak God fastløn Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsoppgåver Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp Medikamenthandtering Dokumentasjon Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving Kvalifikasjonar Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav Utdanning som helsefagarbeidar Alminnelege datakunnskapar Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Førarkort kl B Personleg eignaheit vektleggast Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing. Personlege eigenskapar Fleksibel og løysingsorientert Trygg og Omsorgsfull Evne til å arbeide sjølvstendig Samarbeidar godt med kollegaer, brukarar og pårørande Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer Likar utfordringar Ønske om kompetanseutvikling Interesse for faget Vi tilbyr I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter. Offentleg tenestepensjon for nytilsette Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. KontaktinformasjonElisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183 ArbeidsstadHellesyltvegen 17 6218 Hellesylt Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5142647190 Stillingsprosent: 53% Fast Startdato: 27.08.2026 Søknadsfrist: 19.07.2026 Om arbeidsgiveren: Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt . I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Helsefagarbeidarar at STRANDA KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON | ResuMinder Jobs