Now hiring

ID 2465 Badevakt – Eining for kultur @ STORD KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER OMRÅDE SENTRUM

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Eining for kultur har ledig fast 24% stilling som badevakt. Arbeidstida er anna kvar veke på ettermiddag/kveld og i helg. Sjå opningstider for offentleg bading: https://stord.kulturhus.no/symjehallen/ På grunn av samansetjinga av badevaktlaga, ei kvinne og ein mann på kvart lag, ønskjer me ein mann i stillinga. Arbeids- og ansvarsområde: Badevakt Kvalifikasjonskrav: Gode symjeeigenskapar Dukka og henta opp dokke eller partnar frå 4 meters djup Føra i land person og direkte gjennomføra hjarte- og lungeredning på øvingsdokke Undersøkja medvitslaus og medviten person Behandla sår og sårskadar Søkjar må vera over 18 år og snakka godt norsk Glad i å omgåast menneske Ha godt humør og vera sørvisinnstilt Det blir gitt årleg obligatorisk livredningsprøve (teoretisk og praktisk) For informasjon om stillinga, kontakt einingsleiar Anne Lene Østvold Jordåen, tlf 480 43 386 mail: [email protected] Oppstart snarast/etter avtale Om arbeidsgiveren: Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores