About this role
Vil du vere den vaksne som gjer ein forskjell – kvar einaste dag? Kanskje er det nettopp du som skal vere den vaksne eit barn hugsar resten av livet.I Rauland barnehage er dagane fylt med frisk fjelluft, små hender i store vottar og nysgjerrige blikk som ventar på å bli møtt. Hjå oss er naturen meir enn ein bakgrunn – ho er ein læringsarena, ein møteplass og ei kjelde til undring.No ser me etter deg som vil vere med å sjå kvart enkelt barn, byggje sterke relasjonar og skape gode dagar, både ute og inne. Me veit at barn lærer best når dei:blir sett, lytta til og forståttkjenner seg trygge, verdsette og inkludertmøter vaksne som er til stades og bry seg - på ekte Difor jobbar me kvar dag for å møte barna med varme, respekt og nysgjerrigheit, og for å gi kvart barn rom til å vere seg sjølv I kvardagen hjå oss får du vera med på: turar i skog og fjell, der barna utforskar naturen med heile seg, og leik som får utvikle seg i sitt eige temposmå, store augeblink som fremjar tryggleik, meistring og sjølvkjensleeit fagmiljø der me delar erfaringar og heiar kvarandre fram