About this role
Vil du bidra til at eldre menneske kan bu trygt og godt i eigen heim? Me søkjer ein omsorgsfull og påliteleg medarbeidar til heimetenesta på Rauland. Som heimehjelp er du med på å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen for eldre innbyggjarar i kommunen.Me har ledig tilling som heimehjelp i 70% ute i heimane og pleieassistent kvar tredje helg inne på omsorgssenteret. Her vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar.
Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag.Heimetenesta på Rauland yter helse- og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigne heimar og omsorgsbustader, samt til bebuarar ved omsorgssenteret med inntil 15 plassar. Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla.
Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen. Stillinga inngår i årsturnus. Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.