Now hiring

Verksemdsleiar - 100% fast @ Vinje kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

ME SØKJER ETTER EIN VERKSEMDSLEIAR/STYRAR SOM ER GOD MED MENNESKE OG SOM VIL VIDAREUTVIKLE FRAMTIDAS BARNEHAGE!Vil du leie ein barnehage der glede, leik og fellesskap står sterkt, samstundes som du får bruke heile breidda av leiarkompetansen din?I Edland barnehage er kvardagen fylt med humor, kreativitet og gode opplevingar. Her møter du 14 engasjerte medarbeidarar, 36 nysgjerrige barn og eit lokalsamfunn som bryr seg om barnehagen sin. Lokalkulturen lever vidare gjennom små og store kvardagsstunder, der naturen er ein viktig arena for leik, læring og utforsking.

Leiken står i hjartet av det me gjer. Hos oss får barna utforske naturen året rundt, bli kjende med lokale tradisjonar og skape gode møte med eldre på tvers av generasjonar. Som styrar blir du ein viktig pådrivar for eit inkluderande og utviklingsorientert barnehagemiljø. Du får vere med på å forme ein stad å vekse upp der natur, kultur, omsorg og fellesskap går hand i hand. Samtidig veit me at leiing ikkje berre handlar om dei gode dagane. Som styrar må du kunne stå støtt når forventningar skal handterast, ulike behov møtest og utfordringar oppstår.

Du må evne å skape retning, ta avgjerder og samle medarbeidarar rundt felles mål, også når kvardagen blir krevjande. Til gjengjeld får du moglegheita til å gjere ein forskjell. For barnaFor medarbeidaraneFor lokalsamfunnetMe søkjer ein leiar som ser menneske, byggjer tillit og har mot til å stå i både gleder og utfordringar saman med oss.Det er ei moglegheit til å forme framtida - Vinje kommune sin visjon er: Vinje utfordrar framtida!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores