Now hiring

Medarbeidar i preste- og samtaletenesta @ Helse Bergen HF, Forskings- og utviklingsavdelinga

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Preste- og samtaletenesta har for tida tre sjukehusprestar og ein sjukehusdiakon i 100% stillingar, og ein sjukehusimam i 50% stilling. Vi har no ledig ei 100% fast stilling som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta. Helse Bergen behandlar pasientar innan somatikk, psykisk helsevern og rus- og avhengigheitsmedisin, og Preste- og samtaletenesta bidreg i alle desse fagområda. Vi møter pasientar, pårørande og medarbeidarar som står i kriser og krevjande livssituasjonar, uavhengig av livssyn.

Tenesta har døgnberedskap og er tilgjengeleg når det trengst. Vi bidreg med individuelle samtalar eller gruppesamtalar, utfører kyrkjelege handlingar og formidlar kontakt med representantar frå trus- og livssynssamfunn når det blir etterspurt. Tillit hos menneska vi møter og i sjukehuset er grunnlaget for arbeidet. Arbeidet krev stor grad av sjølvstende, fleksibilitet og evne til å tilpasse seg kvar enkelt situasjon. Samstundes er vi eit team der alle må ha evne og vilje til å dele faglege og personlege refleksjonar.

Som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta får du eit meiningsfylt og engasjerande arbeid med mange erfaringar å lære av og gode moglegheiter for personleg og fagleg vekst. Preste- og samtaletenesta er organisert som ei faggruppe i Seksjon for pasienttryggleik i Forskings- og utviklingsavdelinga, der seksjonsleiar varetek personal- og økonomiansvar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores