About this role
Utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande er to av dei fire hovudoppgåvene ved Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus, saman med pasientbehandling og forsking. Klinikknær utdanning og opplæring er nødvendig for all pasientbehandling. Det er òg nødvendig for å utvikle tenestene i tråd med endra behov og nye metodar og for å bruke ressursane best mogleg.
Som regionsjukehuset i Helse Vest og det nest største sjukehuset i landet har vi eit viktig ansvar på desse områda.Vi søkjer ny leiar for Seksjon for kompetanseutvikling Som seksjonsleiar bidreg du til at sjukehuset til kvar tid har tilstrekkeleg og rett kompetanse til å løyse samfunnsoppdraget. Du får ei sentral rolle i å skape gode rammevilkår for utdanning og opplæring ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest. Seksjon for kompetanseutvikling er ei av fem einingar i Forskings- og utviklingsavdelinga, som støttar opp under kjerneverksemda i sjukehuset.
Internt har seksjonen eit utstrekt samarbeid med dei kliniske einingane, andre stabseiningar og dei andre einingane i avdelinga. Eksternt har seksjonen eit godt samarbeid med universitet og høgskular, kommunar, fylke, direktorat, Helse Vest RHF og dei andre sjukehusa i regionen. Seksjonen har rundt 30 medarbeidarar med høg og differensiert kompetanse og bakgrunn frå mellom anna medisin og helsefag.
Hovudarbeidsområda er å planleggje, gjennomføre, evaluere og forbetre kompetanseutviklingstiltak. Innan utdanning har seksjonen ansvar for rekruttering og oppfølging av lærlingar, rekruttering og administrativ oppfølging av studentar til vidareutdanning innan sjukepleiefag og overordna fagleg tilrettelegging for legar i spesialisering del 1. Seksjonen støttar òg sjukehuset i samarbeidet og samhandlinga med universitet og høgskular om praksisutdanningane innan medisin og helsefag og i tilrettelegginga for klinisk praksis i sjukehuset.
Seksjonen har systemansvar for Læringsportalen og Kompetanseportalen og driftar Senter for simulering og ferdigheitstrening og Lærings- og meistringssenteret ved sjukehuset. I tillegg er seksjonen ofte involvert i lokale og regionale prosjekt og program som skal støtte kompetanseutvikling. Seksjonen har fleire faste regionale oppgåver, mellom anna ansvar for Regionalt utdanningssenter for legar (RegUt) og sekretariatet for regionalt samarbeidsorgan for utdanning.
Som seksjonsleiar er du medlem av leiargruppa i Forskings- og utviklingsavdelinga og rapporterer til fagdirektør. Du deltek aktivt i leiargruppa og bidreg til at heile avdelinga lukkast.
Du er ein pådrivar for gode rammevilkår for utdannings- og opplæringsaktivitetar i sjukehuset og elles i Helse Vest. I samhandlinga med klinikkane er du open, lyttande og serviceinnstilt. Overfor eksterne samarbeidspartar representerer du sjukehuset på ein synleg og konstruktiv måte. Vi søkjer ein utviklingsorientert og strategisk leiar med genuin interesse for utdanning, opplæring og kompetanseutvikling. Du held oversikt og set mål og delmål. Gjennom dialog støttar du prioriteringar, samhandling og effektive arbeidsformer som gjer at vi når måla. Engasjementet ditt er retta mot å leggje til rette for kompetanseutvikling til beste for pasientbehandlinga ved Haukeland universitetssjukehus og sjukehusa i Helse Vest.