Now hiring

Rådgivar – Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF @ Helse Bergen HF, Forskings- og utviklingsavdelinga

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til å utvikle og styrke arbeidet med medisinske kvalitetsregister? Vi søkjer ein initiativrik rådgivar til ein regional funksjon som skal arbeide på eit overordna nivå med kvalitetsforbetring. Arbeidet skjer i hovudsak i samarbeid med lokale og regionale fagmiljø, men vil òg innebere oppgåver opp mot det nasjonale servicemiljøet (SKDE). Ved seksjon Forsking og innovasjon (FOI) er det no ledig ei fast 100 % stilling som rådgivar. Stillinga gir høve til å påverke utvikling og bruk av helsedata, og inneber tett kontakt med leiarar, fagpersonar og pasienttryggingsmiljø. Hovudformålet med kvalitetsregistera er å sikre betre pasientbehandling gjennom forbetringsarbeid. Målet er å minske uønskt variasjon i helsetilbod og behandlingskvalitet. Registera er difor eit viktig verkemiddel for å nå sentrale helsepolitiske mål. Auka bruk av helsedata er òg eit uttalt nasjonalt satsingsområde for å fremje kunnskapsutvikling, forsking og innovasjon. Med ny nasjonal strategi for registerfeltet skal datakvaliteten styrkjast, og vi skal leggje til rette for at registerdata vert brukt meir aktivt til forbetringsarbeid, styringsinformasjon og forsking. Rådgivaren skal bidra til at vi når målsetjingane på desse områda.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores