About this role
Ønskjer du å vere med og skape meiningsfulle dagar for eldre og personar med hjelpebehov? Vi søkjer ein engasjert og positiv helsefagarbeidar til vårt dagsenter for eldre. Dagsenteret er eit viktig tilbod som skal bidra til aktivitet, meistring, sosial deltaking og gode opplevingar for brukarane våre. Vi ser etter deg som trivst med å skape aktivitet, byggje relasjonar og bidra til eit inkluderande miljø.
Stillinga er ei dagstilling, med arbeidstid 37,5 t/veke. Dette inneber fri i helger og høgtidsdagar.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre-, og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.