About this role
Meling skule har ledige undervisningsvikariat frå 4. januar 2027.Me søkjer deg som vil vera ein del av eit inkluderande fellesskap der me arbeider saman for at elevane skal oppleva respekt, tillit og tydelege forventningar i eit trygt og motiverande læringsmiljø. Det er i hovudsak behov for kortare vikariat og vikariat på inntil eit halvt år, i både heile og reduserte stillingar fram til sommarferien. Meling skule er ein barneskule for 1.–7. trinn med 198 flotte elevar og 36 engasjerte tilsette. Skulen ligg fint til i bygda Meling og har gode klasserom, arbeidsrom og personalfasilitetar, eigen SFO-base og eit stort uteområde. Deler av skulen er oppussa og i skulegarden har me òg ein nyare paviljong med to store og moderne klasserom. Med kort veg til turløyper og natur har me gode føresetnader for fysisk aktiv læring og uteskule, noko me legg stor vekt på i skulekvardagen.