About this role
Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie? Då kan dette vere stillinga for deg! Ved avdelinga for korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo bu- og helsesenter har me ledig ei 80 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart 1. november. Stillinga inngår i årsturnus med ordinære vakter og arbeid kvar tredje helg. På sikt kan det bli mogleg å ønskje langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg.KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og ein variert pasientgruppa. Pasientane kjem til oss frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, mellom anna for kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og ei lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta for å sikre gode pasientforløp.